Firdaposten sin reporter Dag Nesbø Frøyen var på folkemøtet om fleirbrukshallen og dette framstod som vekkelsemøte for han. I reportasjen "Å fylle det store tynnebandet" har han mange godord om eikefjordingane. - For Eikefjordingar kan stå fram ganske så merkelege til tider. Og eg meiner det i aller beste tyding av omgrepet. Den vesle bygda med 1200 menneske har ei vi-kjensle få andre kan vise til. Spør du ein eikefjording om bygda klarer å hoste opp 10 millionar kroner kan du vere trygg på at han eller ho svarer ja på det, og smiler litt stolt.

- Eikefjord Grendalag har slagordet «Vi kan og vi vil, og i Eikefjord får vi det til!». Dette er slike prydord vi finn i alle lag og organisasjonar som skal mobilisere til innsats og optimisme. Det er ein komprimert liten festtale som står godt til logoen. Skilnaden slik eg ser det er at i Eikefjord har dette slagordet innhald.

Som avsluttning skriv Frøyen: - Eit perspektiv som ikkje skal gløymast er behovet for ein tredje fleirbrukshall i kommunen. Skal politikarane møte det behovet må fleirbrukshallen byggast i Eikefjord, og den må byggast no.

Vi takkar Frøyen for alle godorda, men skal vi få fleirbrukshall må alle hjelpe til økonomisk også dei som er eikefjordingar og har flytta ut av bygda.

Les heile reportasjen i Firdaposten+

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2