I tøff kamp mot fleire andre kommunar i landet har tømmerkaia i Eikefjord fått den desidert største løyvinga frå staten til utbetringar. Ein svært godt nøgd kai-sjef Gunvar Seljeset kunne juble måndag, og forklarar samtidig til Firdaposten kvifor løyvinga er så viktig:

– Dette er ei handsrekking til skogbruket i store delar av regionen vår. No har vi endeleg fått midlar til å forlenge kaia frå dagens 50 til godt over 100 meter. Dermed kan større båtar legge til kai her, og vi får ein langt betre og meir effektiv logistikk enn i dag, seier Seljeseth.

– Vi må snu oss raskt rundt. Om vi held tidsplanen vår, kan vi vere i gang med bygging allereie tidleg neste år, seier kaisjefen.

Dårleg veg

I tillegg til forlenging av sjølve kaia, har ein også ei utfordring med tilkomsten til kaiområdet, som ligg på sørsida av fjorden nokre minuttars køyring frå Eikefjord sentrum.

– Det er særleg eit par bruer på vegen som er i dårleg forfatning, men vi jobbar med å sikre midlar til utbetring også av dette, seier Seljeset.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2