I helga fekk Eikefjord Idrettslag tildelt beviset på at dei er kåra til fylkets andre «kvalitetsklubb på nivå 1». Her er det heile 18 kriterier som skal oppfyllast, og eitt av kriteria er at det må vere ein trenar for kvart åttande barn.

– Dei to siste åra har vi vore mykje meir «på» og lagt vekt på å få fleire vaksne med, så dette oppfyller vi utan problem i dag, seier Julie Titlestad til Firdaposten.

Ho fortel at dei startar å rekruttere ungar til fotballen allereie i barnehagen.

– Det gjer vi fordi det ikkje er så mange tilbod i Eikefjord før ein byrjar på skulen, og mange av ungane er klare for aktivitet før den tid, sjølv om det er då dei fleste kjem, seier ho.

– Det er viktig at ungane har det kjekt. Vi skal vere ein fotballklubb for alle - alle skal ha ein arena å trene på, seier Titlestad, ansvarleg for barnefotballen i Eikefjord.

I seks-tida torsdag kveld tumla 26 ivrige 7- og 8-åringar rundt på kunstgrasbana. Midt mellom dei gjekk fagansvarleg for barnefotball i Sogn og Fjordane fotballkrins. Marius Torstrup Kloster har vore i stillinga sidan 1. august, og fotballkrinsen i fylket er den første i landet som opprettar ei slik stilling.

Andre del av Torstrup Kloster sitt oppdrag i Eikefjord er å motivere trenarane til enno betre innsats for ungane.

– Jobben min er å vere med å skape så god fotball som mogleg ved at klubbane brukar meg som sparringpartner. Eg sit ikkje på fasiten, men eg kan komme med innspel til utfordringar, seier Torstrup Kloster.

Stillinga som fagansvarleg i krinsen er på 50 prosent, medan han brukar den andre halvparten av arbeidstida i Sogndal Fotball. Stillinga i fotballkrinsen er delvis finansiert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Eg får mykje energi frå positive ungar! Det vert mange spontane augeblikk, og den gleda tek eg med meg på vegen.

Les heile reportasjen i Firdaposten lørdag.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2