Fylkesmann 20151014 250 tommerbilhar analysert kapasiten for tømmerkaiane i Sogn og Fjordane med vekt på dei kaiene som vert nytta i dag.

Det er beregna høg kapasitetsauke ved kaiane først opp til 55 000 kubikk og seinare opp i heile 150 000 kubikk. Dette medfører hyppigare båtanløp, men også langt større trafikk. Kvar transport tar omtrent 35 kubikk og med eit behov på 150 000 kubikk vil det bli opp mot 4500 billaster mot tømmerkaia. Rekner ein på dette kan ein forvente ein lastebil omtrent kvart tiande minutt gjennom sentrum 7,5 timer pr arbeidsdag året gjennom.

I Sunnfjord, der tømmeret i dag vert skipa ut over dei to kaiene i Eikefjord og Vadheim, kan det hoggast rekordhøge kvantum alt om ti år. Det er svært viktig at kaier og baklagerareal er førebudd til å klare denne auka. Fylkesskogsmesteren meiner at det også er mest realistisk å vurdere flytande kaikapasitet (lekter) som supplement til dei to kaiene i Sunnfjord.

Landbruksdirektoratet har valt tømmerkaia i Eikefjord i Sunnfjord som ein av fire prioriterte kaier til å få midlar til utbygging. Her dreier det seg om utviding av kaifront og baklager. Dette eliminerer samtidig eit undervasskjer som sterkt har avgrensa lastekapasiteten ved kaia.

Kaia var bygt for båtar med mykje mindre kapasitet enn dagens båtar og dermed er undervannsskjæret blitt eit problem som gjer at båtane må først til Eikefjord for å laste før dei går vidare til andre kaier.

Frå sentrum til RV5 er det ikkje fortau så her er det ein stor jobb å gjere før denne trafikkauken er venta. Ein kan ikkje vente at foreldre på Knapstad vil sleppe sine barn på skuleveg i Knapstadbakkane med ein slik trafikk, spesielt om vinteren.

Les også Firda tirsdag og artikkel hos Fylkesmann

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2