Start: Garasja innanfor idrettsparken
Tid: 3t opp / 2 t 30 min ned
Høgd: 20 - 1021 m.
Lengd: 6,7 km frå Garasja
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Følg rutebeskrivelse opp til Hovlandstøylen og vidare til Nipevatnet

Ikkje anbefalt tur på snøføre

Vanskegrad:

merking-svart-vandrer

Svart pga høgdemeter.
Grei sti. Godt merka til
Nipevatnet. Nokre
merker vidare

Rød rute viser veg til Skreene og derfra vidare til Norddalsfjord. Dette er ein av dei historiske stiane mellom Norddalsfjord og Eikefjord.

Når ein er ved Nipevatnet er det ein fin, men ganske strabasiøs tur å komme seg opp på Blånipa. Det er mange stiar å følge, men den vanlegaste ser du på bildet nedanfor.
Følg stien inn til inste enden av Nipevatnet. Her skal du opp ein bratt bakke før du fortset oppover grasbakken ovanfor vatnet. Det er lagt ut merkesteinar på denne strekninga, men dei kan vere vanskelege å sjå. Når du er kommen opp til berghammaren rundar du denne og går opp ei bratt bakke til. Frå denne kanten og opp til varden er det merka med steinar og orange maling som er lett å følge.
Du skal berre opp desse små hamrelaga vidare inn ei flate for du begynner på dei siste små bakkane opp mot varden.

Image

Det er god utsikt her oppe. I klarveir ser man Ålfotbreen i nord, Jostedalsbreen i aust, Stølsheimen sør for Sognefjorden i sør og øyriket utanfor Florø i vest. På klare haustdagar kan ein også sjå oljeriggen vest av Alden.

Image

Image

For å få nyte denne utsikta må du nok ta turen opp sjølv. Treffer du godt veir fortrinnsvis på hausten er det utruleg fin utsikt her oppe.

 

NB! Veiret kan skifte fort. Snu med ein gong om tåka kjem sigande. Då har til og med dei som er lomme-kjende problem å finne vegen nedatt.

Ruta går gjennom eit bratt område ovanfor Nipevatnet. Turen er ikkje å anbefale om vinteren når det ligg mykje snø i fjellet.

 kart-blanipa

Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2