eikefjordprisen

Eikefjordprisen vert tildelt enkeltpersonar, lag, organisasjonar eller bedrifter, som i ord eller handling har medverka til positiv utvikling for Eikefjord.
Målet med Eikefjordprisen er: Å stimulere til aktivitet som kan vere med å utvikle Eikefjord til eit samfunn der samhandling og lagånd pregar arbeidet for "Det gode liv"

Eikefjordprisen 2013 blir gitt til:
Steinvik Visningssenter og Storebru Samlingsheim
Steinvik Fiskefarm Visningssenter - står fram som eit interessant visningsanlegg for produksjon av laks og aure, og formidling av havbrukshistorie for publikum. Visningssenteret er ope for turistar og andre som har interesse av å lære meir om norsk marin matproduksjon. Det har også våre flittig brukt av skuleklassar, for praktisk kunnskap, og framstår som ein ressurs Eikefjordbygda er stolte over.
Storebru Samlingsheim har restaurert og modernisert samlinshuset på ein framifrå måte ved hjelp av dugnad, og innsamla pengar lokalt gjennom aktivitet. Huset står fram i dag som eit svært godt vedlikehalde og bruksvennleg hus, og er flittig brukt. Det er eit framifrå eksempel på korleis forsamlingshus i bygdene kan taksast vare på og brukast gjennom generasjonar, med engasjement frå grendene i område.

Eikefjordprisen 2012 blir gitt til:
Reidar Høyset og Steinar Karlsen

Steinar Karlsen representerer ungdom frå Eikefjord som er reist ut for å setje fotefar i verda. Gjennom musikken sin marknadfører han bygda og fylket han kjem frå på ein framifrå måte. Samstundes er han ikkje framand for å kome heim og dele av seg her.
Reidar Høyset har vore aktiv i organisasjonslivet i bygda i heile sitt vaksne liv, både gjennom dugnad og styreverv. Dugnadsånda er sterk og han er såleis eit framifrå førebilde for korleis ein kan vere med å skape grobotn for utvikling av bygda.

Eikefjordprisen 2011 blir gitt til:
Toppfotball Sunnfjord v/Ragnar Langedaal og Anders Ole Sunnarvik

Toppfotball Sunnfjord har sett Eikefjord på kartet gjennom sine arrangement og kampar med 5 tippeligalag i fotball frå 2003.
Lillestrøm, Molde, Ålesund, Brann og Sogndal har alle vitja Eikefjord stadion med gode opplevingar. Arrangementa har skapt stor mediamerksamd til Eikefjord gjennom riksfjernsyn og riksaviser, og er blitt godt kjent gjennom heile Toppfotball Norge.

Eikefjordprisen 2010 blir gitt til:
Eikefjord Aktivitetsgard v/Bodil Hovland Øren

For utvikling av gards- og hesteinteressa i heile Flora kommune som gjev gode ringverknader, positiv marknadsføring og aktivitet i Eikefjords-bygda.

Eikefjordprisen 2009 blir gitt til:
Bestemorlauget

Bestemorlauget symboliserer dugnadasånda i Eikefjord på ein framifrå måte. På eige initiativ har dei starta ulike prosjekt: stirydding, småturar for dei eldre, diverse planting og pyntingsprosjekt som t.d. "Stilla lunden"
Dei står for ein sosial profil der fellesskap og evne til å ha det kjekt ilag er viktig, men der eit av kritetia er: Yte før nyte!
Eikefjor Grendalag er svært glade for at Bestemorlauget brukar mykje av tida si til aktivitetar til glede for alle oss andre i bygda!

Eikefjordprisen 2008 blir gitt til:
Eikefjord Skulemusikk

Skulemusikken symboliserer dugnadsånda i Eikefjord på ein framifrå måte. Dei gledar bygda i mange samanhengar og er ein flott ambassadør for kulturlivet vårt. Vi gratulerer Eikefjord Skulemusikk med nye uniformer som gjer at dei verkeleg blir lagt merke til.

Eikefjordprisen 2007 blir gitt til:
Ragnhild Høyseth og Elisabeth Ellingsund.

Dei to symboliserer dugnadasånda i Eikefjord på ein framifrå måte. Med stor glød står dei fram som eit døme på "det gode liv" i bygda, til glede for alle med tilknytning og interesse for Eikefjord.

Eikefjordprisen 2006 blir gitt til:
eikefjord.net ved Odd Asle Endestad

Prisen vert tildelt for framifrå arbeid med og drift av nettsida eikefjord.net - til glede for alle med tilknyting til og interesse for Eikefjord.

Eikefjordprisen 2005 blir gitt til:
Skigruppa i Eikefjord Idrettslag

Prisen vert tildelt for innsatsen i: Skisportens Fremme.
Dette arbeidet har skapt eit aktivt og veldreve skianlegg på Humlestølen som er til nytte og glede for bygda og heile kommmunen.

Eikefjordprisen 2004 blir gitt til:
Jarl Charles Aarseth, Magnar Sunnarvik, Ottar Akselsen.

Prisen vert tildelt for innsatsen i felllesprosjektet: Eikefjord Gjestebrygge.
Prosjektet er eit ledd i arbeidet for nyskapning og positiv utvikling av fjæra, og har skapt eit godt tilbod for dei som ønskjer å vitje Eikefjord sjøvegen.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2