Kl 13.15 vert det venskapskamp, medan kl 15.00 spelar G 15/16 laget  KM-finale mot Vik.

På Hopen bur det ti unge syrarar i alderen 12-15. Dei har ved fleire høve vore på bana i Eikefjorden og spelt fotball, og i går gjekk endeleg turen til Førde for å skaffe seg fotballsko. På under ein halvtime ordna Øystein på Sport 1 sko til alle saman, så i dag er dei klar for sin fyrste fotballkamp, avspark i denne venskapskampen er kl 13.15. Desse gutane blir med med oss på bana i heile dag, vi håpar at nettopp DU og tek turen, ta gjerne med fotballsko og bli med og spel.

Kl 15.00 vert det spelt KM-finale for Eikefjord sitt G15/16. Her er tabellen. 

Kiosken er open, og vi håpar at flest mogleg tek turen for å heie på gutane i denne kampen. Vi ynskjer dommar, publikum, gutane frå Syria og ikkje minst Vik hjarteleg velkomen til oss i dag.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2