Leiar i Grendalaget, Brigt Samdal ser 20151031 250 skulenslutten på innsamlinga for ny storstove i bygda.

Så langt har Eikefjord Grendelag samla inn 6.850.000 kroner av dei 7 millionane dei har lova å stille som garanti for å få utvida nyeskulen sin gymsal til ein fleirbrukshall. I vår vart det klart at dei ønskte seg enno litt meir plass, om lag fire meter, for å vere nøyaktig, slik at ein også får inn ei scene, lagerplass og klubblokale. Grendelaget gjorde også vedtak på at dei 2,7 millionane ekstra dette ville komme på, skulle dei sjølve dekke inn ved hjelp av tippemidlar, eigeninnsats og innsamla midlar. Her er det lagt inn 600.000 kroner i reine pengar og 400.000 kroner i dugnadsinnsats. Det vil seie at grendelagsleiar Samdal må lokke 750.000 kroner til ut av lommene på eikefjordingane.


– Du er ikkje redd for at sambygdingane dine skal bli leie av dette pengemaset ditt?
– Eg trur alle synest at dette er eit flott løft for bygda og forstår at det må gjerast ein jobb for å få dette til. Vi trur vi har den tyngste biten bak oss, så dette skal vere overkommeleg, seier Samdal, og forsikrar at dei ikkje vil gå på dei som allereie har bidrege, men heller prøve å finne nye som vil vere med på «denne solskinshistoria», som han kallar det.
– Har de sett ei tidsavgrensing for pengeinnsamlinga?
– Vi skal overlevere vårt bidrag til kommunen våren 2016, medan dugnadsarbeidet går gjennom heile byggeprosessen,
seier Samdal og føyer til at dei er veldig godt nøgde med samarbeidet med Skanska og Flora kommune.
Som ein start har grendelaget nyleg fått 75.000 kroner på Sparebankstiftfinga i Sogn og Fjordane. – Det var ein liten kickstart for oss, ja, og vi kjem sjølvsagt til å halde fram med å søke midlar frå fond og stiftingar.

Reportasje Firdaposten lørdag 31710-15

20151031 600 skulen

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2