Klokka 02.44 gjekk alarmen på grunn av røykutvikling i Allhuset. Brannvesen, politi og tre ambulansar samt kommunelege rykte ut.

Det var det Flora-russen sin kickoff som gjekk av stabelen i Allhuset. Sju personar blei undersøkte av helsepersonell på staden, seier Kolbjørn Øvrebotten, vaktleiar ved alarmsentralen.

Fire personar blei sende til Førde sentralsjukehus for observasjon meldte Helse Førde klokka 04.50.

Ifølge politiet var det ikkje teikn til brann, men kraftig lukt, truleg frå svidd aluminium.

– Vi veit ikkje årsaka til røykutviklinga, men vi har ikkje avhøyrt nokon endå. Det blir oppretta sak og gjort avhøyr, seier Wenche Hope, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt til firda.no

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2