Det vart ikkje den trivelegaste inngangen på 2020 for dei ti tilsette ved Spar butikken. Alle har fått brev om at dei får redusert stillingane sine. Kor mykje stillingane blir redusert avheng av ansiennitet. Dei nye avtalane vart sett i verk frå nyttår år.

Fram til no har Knut Havn vore dagleg leiar, men ikkje vore i butikken sjølv. No skal han inn som butikksjef i familiebedrifta i 100 prosent stilling.

– Vi ligg på eit tal timar som ligg høgre enn andre butikkar vi kan samanlikne oss med i kjeda, seier han til Firdaposten. – Vi ligg på eit tal timar som ligg høgre enn andre butikkar vi kan samanlikne oss med i kjeda.  Dette er eit grep vi har sett at vi må gjennomføre. Vi starta prosessen i september i fjor, og no har dei tilsette fått beskjed om at dei må ned i stillingsprosent.

Han seier det er beklageleg at dei no må treffe tiltak, men alternativet er at det er kroken på døra for lokalbutikken.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2