TThomas Halstensen 2019homas Halstensen (17) er truleg på veg til Skien og eliteserielaget Odd BK. No er det berre opp til klubbane å bli samde. Han reiste rett ifrå landslagssamlinga i Spania i november til Telemark og Skien der han trente med A-laget til Odd i ei veke.

– Det var overraskande proft, og folka eg møtte var veldig trivelege. Eg vart tatt i mot av spissen Torgeir Børven som viste meg rundt på Skagerak Arena, opplyser Hallstensen til Firdaposten

Fagermo uttalte til Telemarksavisa måndag at dei no var på jakt etter ein ung forsvarsspelar, og då helst ein midtstoppar som også kan spele back. – Då eg høyrde Fagermo seie dette til TA forstod eg at han meinte meg, seier Hallstensen.

Hallstensen er blitt førespegla å spele fast for Odd 2 i PostNord-ligaen og vere på benken i eliteserien. Det kan fort føre til at han debuterer i eliteserien allereie i år.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2