Laurdag 3. september kjem den høgt profilerte treningsbloggaren Treningsfrue, Camilla Aastorp, til Eikefjord. Det er Eikefjord Treningssenter(ETS) og Idrettslaget i bygda som inviterer til ei inspirasjonsøkt i fleirbrukshallen med den populære bloggaren.
Det vert først eit foredrag, og etter pausen blir det ei felles treningsøkt. ETS blei skilt ut frå friidrettsgruppa tidlegare i år, der eg sit som leiar. Vi i styret er opptekne av å kome i gang med saltrening, og vi var på jakt etter noko nytt. Då er det perfekt med eit kickoff, i lag med sjølvaste Treningsfrua, fortel Kenn Hallstensen.
Meir informasjon og påmelding kjem idrettslaget med på heimesidene sine.
Les meir i Firdaposten