Reidar Høyset har vore aktiv heile livet. Kanskje det er dette som gjer at han held seg så sprek i ein alder av 90?

Reidar Høyset frå Eikefjord er ikkje heilt som ein gjennomsnittleg 90-åring. Forma er nemleg svært så god, og sprekingen fortel at han aldri har trent fast, men at han har vore flink til å komme seg ut i naturen.

– Eg er glad i å gå turar både på fjellet og i skog og mark. Fysisk arbeid er og viktig meiner eg, og nokre månader med motorsag er god trening. I vinter tok eg ut 12–13 mål med ved, seier Høyset til Firdaposten.

Tidlegare har Høyset og kona vore aktiv i friidrettsmiljøet, både som funksjonærar på «Hovlandstølen opp» og deltakarar på «Eikefjord Løpskarusellen», «Rett vest» og «Floramila». Dersom Eikefjord Idrettslag har organiserte turar, er ikkje han vond å be.

– Ja, om dei har eit opplegg, så hiv eg meg med.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2