Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Årsmøte i Eikefjord Skyttarlag i Allhuset
Søndag 11/1 kl 14.00

Den store saka er innkjøp av elektroniske skiver.
Håper så mange som mulig av medlemmane møter opp og seier si meining.
Basar og premieutdeling kl 17.00

FJELLET

blanipa1.jpg

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com