Dette har vore kjempegøy! Den siste veka før Eikefjorddagane vart ein kolosal oppsving. Det myldra av folk som var med på å pynte og lage til. Eg følte at Eikefjorddagane var ein suksess før fredagens program starta. Dugnadsånda var på topp heile veka, og alle lag og organisasjonar og privatpersonar jobba særs godt i hop. Vi fekk verkeleg rydda og pynta i sentrum.

Sjølve programmet i helga gjekk også strålande. Etter ein heller våt affære fredagen, var vi litt uro over korleis dette skulle gå. Men godveret laurdag og sundag gjorde til at dette kunne bli ein folkefest og eit flott familiearrangement. Fyrstkommande fredag vert det evalueringsmøte og etterlag for dugnadsgjengen m/følge. Vi har merka oss ein del ting som vi ikkje er nøgde med i samband med arrangementet, og dette må vi rette på i planleggingsfasen før neste festival.

Vi har motteke særs mange godord for arrangementet, noko som vi set stor pris på. Arbeidet med Eikefjorddagane har vore gjort av særs mange personar og vi håper at alle tek til seg rosen og føler glede over at vi saman har klart å gjennomføre eit så stort arrangement. Denne jomfruturen gav meirsmak!

Med helsing Eikefjord Grendalag
Brigt Samdal
leiar

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2