Image
Fjorårets vinnarlag

Selfølgeleg .... vert det fotball cup i gym salen i år også. Romjuls sleiva vert arrangert for 5 .gang og den magiske datoen vert onsdag 28.des. Start kl. 15.00 Grunnen til at det ikkje har gått ut info tidlegare er at storfavoriiten Skaret slit med å stille lag i år. Difor var det tenkt at berre dei skulle vete om dato og kl slett !!

Følg med på Eikefjord net. Puljer og info kjem rett etter at nissen har vore på besøk. Den tradisjonelle banketten vert selfølgeleg i år også på Sjø huset. For dei som slit med hukommelsen vart det utdelt pokal i fjor til tidenes oddsbombe. Risetunet 2 vant den høgdramatiske finalen mot Vimpelveien med 3-2. Men ,dei fleste hugsa kanskje betre dommaren i den finalen. Han fekk seinare på kvelden utmerkelse for årets skandale . Han heitte J og slutta på N ,hadde eit mellom navn som starta på M og slutta på E osv. Er det nokon som hugsa kven som fekk prisen for årets "sjeviot" ????.

Helsing  cup generalane

Ragnar Langedal  og Per-Øyvind Sørbø

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu