ImageDen 14. januar 2006 kjem den kjende trubaduren og visesongaren Olav Stedje til Eikefjord. 

 

Det er Koriander som har fått Stedje til bygda denne laurdagen, og koristane ser fram til å synge saman med kjendisen.

 

 

 

Olav Stedje feirar snart 25-års jubileum som plateartist, og har ei rad eviggrøne viser og slagerar bak seg. Denne gongen gjer han noko han ikkje har gjort før, å synge saman med eit blandakor.

ImageTil denne konserten er også Brigt Samdal tilbake som dirigent etter eitt år i utlegd. Både han og  kona Gro er store fan av den folkekjære artisten. For at flest mogeleg skal få oppleve konserten, har Koriander valt å nytte kyrja. Kyrkjerommet er i tillegg svært eigna når det gjeld akustikk så dett blir konserten du må få med deg som ein god start på det nye året. Stedje vil i tillegg til fellesarrangementa saman med Koriander, plukke frå det rike utvalet sitt av eldre og nyare melodiar.  Vi gler oss!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2