Image
Spesialmaskin for støyping av støypekant

NCC Prifilbetog har idag støypt nytt skilje mellom RV5 og gangvegen til Kvalvik. Arbeidsgjengen på seks mann begynte i formiddag på jobben og vil være ferdig ut på kvelden. Muren som no erstattar rekkverket som tidlegare var montert tåler mykje juling. 45 tonn i 45 graders vinkel skal denne muren tåle. Det betyr at den vil holde sjølv om ein trailer kjøyrer på.

Maskina som brukast er ei spesialmaskin for kontinuerleg støyping. I front matar betongbilen inn betong som blir mata ut igjen gjennom forma som gir det endelege resultatet. Litt flikking og laging av ekspansjons skøyter er alt som skal til av etterarbeid.

Arbeidslaget som var i Eikefjord kom no frå ein jobb i Bergen og skal i morgon vidare til Ålesund. Dei har heile Norden som arbeidsfelt og er nett ferdig med ein tre månaders jobb i Finnland.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2