ImageDugnadsgjengen frå Sunnarvik, med Ragnhild og Reidar Høyseth i spissen, hadde laga til ein fin kveld i Eikefjord. Det skulle begynne kl 5, men i god tid før 5 var det alt kø i serveringsluka og matserveringa måtte berre begynne. Det var eit jevnt tilsig av folk så dei 60 literane med rømmegraut og 40 literane med mylse gjekk unna. Det gjekk også så mykje pølser at arrangørane måtte i butikken og hamstre meir før grillinga på stranda. Kaffetraktaren gjekk også i ett og dei mange kakesortane gjekk unna.

 

Barneleikarringen under ledelse av Kolbjørn Taklo fekk også vise fram sine kunster og seinare sang Barnekoret under ledelse av Bente Havn.
Høgdepunktet på Allhuset var brudeparet. Fint pynta og spente fekk dei tur med hest og kjerre. Spelemannen plassert i baksetet og kusken spaserande ved sida av. Bak kom eit heilt følge som fekk være med på turen gjennom sentrum.

Image

På stranda var det laga bål der strandvolleyballbana skal være. Det tok ikkje lang tid før Reidar hadde fått god fyr og folk begynte å rygge vekk på grunn av heten. I god avstand frå bålet var det sett opp benker og griller så folk kunne hjelpe seg sjølv med grillmat. Dugnadsgjengen hadde også salg av diverse kioskvarer og grillmat frå teltet som var sett opp.

Image

Overskuddet frå arrangementet går til veglys til Sunnarvika. Alle i dugnadsgjengen var einige om at eit slikt stort felles prosjekt hadde samla bygda og samholdet hadde blitt styrka. Lysa som skal settast opp er planlagt både inn i Sunnarvika og ned i Sunnarvika.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2