ImageNo det er så fint veir har det vore godt med folk på badestranda. Anlegget er godt brukande sjølv om det mangler litt før det er ferdigstilt. Utl på piren ved Sørbøbryggja har dei litt eldre samla seg og bruker stupebretta flittig. Grovstøypen er ikkje god å gå på og det kunne ha vore ein stige å komme seg opp av sjøen på.

Lengre inne har dei yngre samla seg på grunnen og leikar med madrasser og grev i sanden. Fint å sleppe barna ut her, men på flo sjø likar ikkje småbarnsforeldra den høge steinkanten nede i fjæra. Her er det ein halvmeter djupt rett utanfor kanten når det er flo. Enten bør det leggast opp meir sand eller så må den kanten nede i fjæra senkast slik at det ikkje er så farleg for småungar.

Image

Dei som bruker anlegget bør også huske at rett ved sida av anlegget er det privat grunn. Det er ikkje kjekt for denne grunneigaren å sjå at ungar og nokre få ungdommar kastar stein og andre ting ned i båthavna. Det einaste ein oppnår med slik framferd er dårleg naboskap og det er ingen tent med.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2