Image
Kristen Stæger-Breisnes

”Så e’ de’ på’an igjen”! Etter tre år med ”prøve”-prosjekt blei eikefjordingane einige om å la Eikefjorddagane bli eit fast årleg innslag i minst fem år til, og kvifor ikkje? Dei tre første gongane vart ein suksess. Bygda vår har mange ressurssterke personar som stillar opp, det var difor ikkje nokon motforstillingar mot å halde fram, så no er vi her igjen.

Vi meinar vi har funne ein form på våre dagar som vi vil halde fram med. Eikefjorddagane har funne si nisje. Mellom fotballweekendar, rockeweekendar, Kinnaspel og sommarfestar har vi lagt vekt på det gode liv. Her skal alle kunne komme innom og få ei god oppleving. Her vert det litt av alt, litt handverk, litt gardsmat, litt å fylle magen med, litt kultur, litt om livet på bondegarden, litt om sjøen, litt konkurransar og ikkje minst mykje livsglede!

Vi legg vekta på kvalitet! Det skal vere spanande å kikke i salsbodane, det skal skje noko på ei av scenene eller kanskje treff du kjente som er innom? Alt går i eit behageleg tempo.

Vil du ha deg ein kopp kaffi eller eit godt måltid mat, er det ikkje vanskeleg å finne. Staben, vi som er ansvarleg for arrangementet, er lett synlege i våre oransje skjorter. Om det er noko du lurar på så spør oss!
Vi legg vekt på at barna skal kose seg. I år har vi satsa på det maritime. Det er mogleg å få seg eit seglkurs med Svanhild, bli med vikingskipet på tur, og så kjem Redningsselskapets lille sjarmtroll Elias. Både laurdag og sundag vert det, i samarbeid med Sogn og Fjordane teater, ei framsyning om dei to grisane Flaks og Grise som ikkje vil vaske seg på den store badedagen. Eit stykke for ”barn” i alle aldrar.

Opninga skjer fredag i Kyrkjebukta, vår eiga miljøstrand. Etter opninga tar vi vegen til kakebordet i Allhuset Vårt, der det er gratis kaffi og kake til alle. Vi fortsett til Galleri E der du fi nn årets utstillarar frå Krukkehuset i Ulsteinvik. Dansen laurdagskvelden med god dansemusikk i ei atmosfære berre god gamaldags bygdedans kan gje, er og verd å få med seg!

Vi håpar å sjå dykk i Eikefjorden denne helga, dagane 18. til 20. august.
Velkomen og nyt det gode liv i Eikefjord!


Med helsing
Eikefjord Grendalag
Kristen Stæger-Breisnes, leiar

Programmet for Eikefjorddagane finn du på kulturkalenderen, trykk her

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2