ImageEitt av høgdepunkta under Eikefjorddagane 2006 vert utan tvil kyrkjekonserten fredag 18.august kl. 20.00. ”Smørtenoren” frå Hamna, Brigt Samdal, har inne eit spennande og variert program som spenner frå dei varaste melodifraseringar til takløftande crescendo. Spørsmålet blir om glasrutene vil halde når Samdal tar den høge C? Elles vil samspelet med profesjonelle musikarar gjere dette til ei minnerik oppleving.
Tradisjonen tru, opnar Eikefjorddagane også i år med ein kyrkjekonsert. I år er det Koriander som står for opplegg og regi. Denne gongen har koret hatt eit nært samarbeid med musikarane Steinar Karlsen, Laila Beate Førde og Jarle Grotle. Desse vil under konserten både fungere som band og som soloartistar, Nytt av året er dessutan at dirigenten for Koriander, Brigt Samdal, for første gong vil framføre eit eige repertoar som ein vesentleg del av konserten. I tillegg vil han være solist med koret som han også dirigerer.

- Konsertrepertoaret er lagt opp med tanke på at det skal nå fl est mogeleg, seier Samdal. Og han legg ikkje skjul på at ei slik framføring er krevjande. – Mykje stoff skal lærast og i tillegg skal det heile samkøyrast med musikarane. Men vi føler oss privilegerte. Dette er første gongen vi som kor har ansvaret for ein heil konsert, og som dirigent føler eg meg svært nøgd med at vi har nådd eit nivå som gjer det mogeleg å ta på oss eit slikt arrangement. Ikkje minst at vi no kan våge å stille opp i lag med profesjonelle musikarar. Så dette
gler vi oss til, seier Brigt Samdal.
Kva du vil få høyre under konserten er hemmeleg, men vi kan røpe at spekteret er vidt; frå svenske viser og norsk tradisjonsmusikk til engelske ”evergreens”. Så denne konserten må du berre få med deg!

Staden er Eikefjord kyrkje fredag 18.august kl. 20.00

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2