ImageÅse er fast humørspreiar i marknadsteltet på Eikefjorddagane. Både ho sjølv og produkta hennar er til å bli glad av. Åse syr vadmelsvestar med skinndekor, hattar, beltepungar, samt diverse dekorerte vesker av mindre storleik som kan nyttast til ulike høve. I år som i fjor har ho også med seg dei fargerike strikkeprodukta som er laga av dottera Anita. Dei fjonge trekantsjala i spreke farger er laga både i bomull og i eksklusiv alpakkaull. Med friske fargar og snerten design kan einkvar kvinne pynte seg til kvardags og fest.

Ta deg ein tur innom Åse i marknadsteltet på Eikefjorddagane 18 - 20 august

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2