ImageLaurdag 19. august kl. 16.00 brakar det laust på badestranda. I alt åtte lag skal spele i to puljer, med påfylgjande bronsefinale og finale. Føresetnaden for å delta i turneringa er at ein skal representere eit lag eller ein organisasjon, og at ein skal kle seg i klede som representerar det laget eller den organisasjonen ein høyrer til. Forkunnskapar når det gjeld volleyball er altså ikkje eit krav! Vi kan allereie røpe at heimesjukepleien, Ungdomslaget, Fotballgruppa og Friidrettsgruppa har meldt seg på. Dei fire siste laga vil vere “hemmelege” fram til turneringsstart.
Det er dermed duka for fleire overraskingar denne laurdagen!! Så møt opp på stranda for å sjå galskap og vinnarinstinkt i fri utfolding. Det ryktast at kommentatorar og DJ`ar kan kome til å dukke opp, men dette er førebels ubekrefta rykter.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2