Image
Foto: Atle Grøneng

Ann Merethe Vågane, Trond Ove Hopen og Yngve Grøneng Havn fekk idag kvar si bronsemedalje i Ungdomsmesterskapet i Friidrett på Byrkjelo.

 

Ann Merethe som absolutt ikkje var fornøgd med eigen innsats fekk 38,00 meter i slegge, berre 9 cm bak sølvvinnaren. Alle tre medaljevinnarane kjem frå Sogn og Fjordane.
Trond Ove fekk opp eit bestekast på 48.88 som er opp mot max av det han er god for, men også han var berre 10 cm bak sølvmedaljen.
Yngve var brukbart fornøgd med innsatsen og 47,07. Det stemte ikkje helt teknisk, men det er alltid kjekt å stå på pallen.

1 gull og 3 bronsemedaljer på ei lita bygd som Eikefjord i Norgesmesterskapen for ungdom let høyre frå seg. Bak resultata skal vi huske at det ligg ein oppofrande trenar som alltid har tid til dei som vil satse på høgt nasjonalt nivå. Ei stor takk til Asbjørn Vågane.

Image
Trenaren i gode hender.

Ramma rundt UM er dei aller beste. Det er eit prikkfritt arrangement i naturskjønne omgjivelser.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2