Det har vore godt fiske etter storlaks og mellomlaks i Osen i år. Fiske etter smålaks og sjøaure har vore dårleg. Lita elv og høg temperatur må nok ta deler av skulda, seier Hans Terje Anonsen til Firdaposten.
40 prosent av all laks som blir fanga blir sett ut igjen, det er berre lov å bruke fluge utan mothake og håvane er utan knutar som kan skade fisken. Fisken som blir sett utigjen er ikkje opp av vatnet, vekta blir fastsett ved å måle lengda.
Anonsen som no bur i Osen har investert mykje i garden og håpar han kan leve av den når han blir eldre. Drifta går no i balanse. Striden om eigedomsretten til garden er også endeleg avgjordt. Anonsen vant i Gulating lagmannsrett og denne domen blir ståande etter at Høgsterett sitt kjæremålsutvalg har avvist anke på domen.

Les meir i Firdaposten torsdag

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2