ImageDei som ferdast på vegen frå idrettsbana mot sentrum har nok lagt merke til kor uoversikteleg det er på mange plassar på denne strekning. Dette er ein strekning som er brukt av mange gåande til og frå skulen, men også til treningane på idrettsbana.
Eikefjord.net har vore i kontakt med Vegmeldingstjenesten og dei kan opplyse at kantane blir slått på kontrakt. Kantane blir kun slått når Vegmeldingstjenesten får beskjed om trafikkfarlege plassar. Dette betyr at vi som ferdes på vegen må bli flinkare til å ringe 175 og gi beskjed. Vegmeldingssentralen ville no gi kontraktøren beskjed om at vegskuldrane skal slåast på denne strekninga.

Er det andre strekningar som treng kantslått kan du melde frå på telefon 175.

 

Image

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2