ImageStore deler av gang og sykkelveg prosjektet er no nesten ferdig. Entreprenøren plasserer no siste rest av kantsteinane til fortauet borte ved barnehagen. Her står også igjen ein liten natursteinsmur som skal murast. Det gjenstår også ein del grovplanering slik at det heile kan asfalterast frå Eldreboligane og bort til barnehagen både på fortauet og i vegbana.
Den store jobben som gjenstå er ei grøft frå Eldreboligane over tomten til Havn`s Auto og bort til "brua" som er laga nedanfor Eikefjord Handel. Grøfta vil gå omtrent som vist på bildet og fortsette nedanfor muren langs fylkesvegen.
Det store problemet i området er brannbilane som må kunne rykke ut 24 timar i døgnet, samstundes må dei stå inne slik at ein ikkje risikerer å måtte skrape is på rutene før ein skal rykke ut. Havn`s Auto kan heller ikkje stenge dørene i anleggsperioden.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2