Image
Nina Bøhnsdalen

Eikefjord Barne og Ungdomskule og Foreldre Arbeidsutvalget ved skulen innviterte Nina Bøhndalen til storforeldremøte i Allhuset i kveld. Nina Bøhnsdalen heldt foredrag med temaet "Kultur for læring". Dette er same tema som ho skal halde foredrag om i Førde imorgon. På dette møtet er det berre 6 representantar frå Flora som kan melde seg på, medan alle foreldre og lærarar var innviterte her i Eikefjord.

 

Medan lærarane stilte nesten fulltallige til møtet var det kun 38 av over 200 foreldre som møtte fram for å høyre på ein av dei fremste ekspertane innen samarbeid mellom skule og foreldre. Utruleg at ikkje fleire møter, meiner ei mor som synest at det var eit godt og opplysande foredrag.

Foredraget gjekk gjennom mange sider ved samarbeid mellom skule og foreldre og Bøhnsdalen trekte fram enkelte måtar ein kan løyse spesielle ting på.
Ho trekte fram skulen der det var pliktig å møte opp til foreldreoppmøte, andre gangen foreldre uteblei møtte rektor opp på døra og la fram korleis foreldrene skulle hjelpe eleven med leksene. Denne førsteklassen vart meget god på lesing.
Ho ga også råd om at utvalg ved skulen ikkje måtte gape for høgt, men konsentrere seg om eit par oppgaver for året. Få desse oppgavene unnagjordt istedet for å ha tenkt på tusen oppgaver. Vidare meinte ho at skulen har ei kjempeutfordring i å sette opp mål for dei enkelte klassetrinn og fag. Foreldrene skal innformerast om desse måla og korleis elevane står i forhold til å oppfylle desse måla.
På spørsmål frå salen om korleis foreldre skal opptre ved klage frå elevane var Bøhnsdalen ganske klar. Lytt til det eleven har å seie, og tru på det. Enkelte saker er voksensak og då må ein ha ein arena for å diskutere desse sakene på. Vær forsiktig med å diskutere slike voksensaker på butikken, "feil" øyrer kan lett lytte på diskusjonen.
Når det går godt eller gale på skulen er det læraren som står i fokus. Nina Brøhnsdalen hadde med seg dette visdomsordet:  "Læraren er den viktigaste plussfaktor når det fungerer godt og den viktigaste minusfaktor når det skjærer seg for elevane."

Image
Rektor Torleik Stegane

Rektor Torleik Stegane synest det var verdt å møte opp. Nina Brøhnsdalen er inne på det som gjeld no og det er viktig å få med seg korleis toppane innan FAU-systemet ser på samarbeid mellom skule og foreldre.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2