Eit ukjent antal regnbogeaure med snittvekt 3,5 kilo har rømt frå eit oppdrettsanlegg ved Ålvora i Flora kommune. Alvora anlegget ligg rett utanfor innløpet til Eikefjorden og det er ikkje unaturleg at fisken vil ta turen innover. Det er høve å fiske i området.