ImageHer oppe i nord har vi rikelig med snø og ikkje regn! Skiløypa er kjøyrt opp og scooterane er pakka ut og klare til bruk.Vi har vore svært heldige med været seier dei som har nokre Svalbardvintrar bak seg. Mørketida gjorde fin entre i slutten av oktober, sola kasta sine siste stråla over byen. Familien Løkkebø prøvde fort å finne ei døgnrytme som var uavhengi av mørket,og jobbar endå med den saken.....
I over to månader er det no mørkt som natta heile døgnet. Men, det flotte været med fullmåne,stjernehimmel og nordlyset som får himmelen til å danse gjev oss naturopplevingar vi aldri vil gløyme. Turar ut på vidda,om det er hytteturar eller friluftsliv er populært blant øyas befolkning.

 

Det er og eit aktiv idretts og kulturliv i Longyearbyen. I idrettshallen finn du alltid nokon, der er folk i alle aldrar, enten i bassenget, squashallen eller i klatreveggen. I slutten av januar blir det arrangert polarjazz, då skal seniorane her i huset ut å svinge seg. Dagane går slik som heime i Eikefjord. Det som gjer opphaldet vårt spesiellt her er det Arktiske miljøet. Det er ikkje uvanleg vinterstid at ein oppleve temperaturar mellom - 20 og -30 grader, er det i tillegg vind (noko vi ikkje har opplevd særleg endå) blir kjøleeffekten svært høg. Vi har kjøpt oss spark,det har vi ikkje brukt sidan vi var små. Her er det glatt på vegen og sikkert sparkeføre kvar dag,og det susar avgårde. Fin og ha på nattestid er sparken når ein skal fort innanomhus igjen. Det er spanande å få ta del i Svalbard si historie, her er mange minner som er bevart frå fangstmannsliv, gruvedrift og vitenskapelige bragder. Kongen av Arktis har vi ikkje sett anna eller i utstoppa form, den var stor, veldig stor og har skarpe tenner. Isbjørnen er totalfreda på Svalbard. Han skal få gå i fred for oss,vi vil ikkje aktivt gå inn for å oppsøkje eller på nokon måte forstyrre dette dyret. Polarreven derimot er ein liten luring som vi stadig ser tuslande rundt i byen. Den og reinen er kjekke karar?
Vi håpar de leve vel i bygda og går tørrskodd inn i det nye året. Godt år frå Svalbardgjengen!
Image

Image

Image

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2