For andre gong kan Koriander notere seg for å ha avvikla ein svært vellukka korpub. Konseptet der dei tre kora: Jomentum, Koriander og Brandsøykoret set kvarandre stemne, ser ut til å kunne bli ein tradisjon. Deltakarane var berre lutter smil og glede, og gjennomgangstonen var udelt positiv - utruleg moro. Den amerikanske auksjonen glei lettare i år og kvaliteten på karaokesongen var, etter juryen si oppfatning, høg. Etter hard konkurranse, vart Per Christian Hanssen frå Koriander og Aileen Miiltchev frå Brandsøykoret kåra til vinnarar av EM i Karaoke 2007.  Kvart av kora leverte også ein pen bukett stemningsfulle songar til dei lystige pub-deltakarane.

Les også Firda mandag.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2