ImageStyrkerommet på skulen er blitt meir og meir populært. Det er no over 15 ungdommar som trener fast 4-6 dager i veka. For å kunne drive med konkurranse innen styrkeløft har ungdommane tatt steget og danna Eikefjord Styrkeløft. På sikt vil dei melde klubben inn i forbundet og dermed få lov til å løyse lisens slik at dei kan konkurrere.
Det var ikkje vanskeleg å få nokon til å stille opp i styret for klubben. Alle som var møtt opp ville være med og einaste jenta som trener fast i styrkerommet vart valgt til leder i laget.

Styret i Eikefjord Styrkeløft er

Leder: Ann Merethe Vågane
Nestleder: Yngve G. Havn
Materialforvalter: Kenneth Fotland og Hans Erik Hopen
Studieleiar: Joacim Veiesund
Medlemmer: Marius Osa, Lars Inge Løkkebø, Kevin Studsrød og Ruben Eikefjord

Klubben vil starte med ein skikkeleg dugnad for å vaske ned styrkerommet, bytte ut treningsaparat og kjøpe inn fleire manualer og vekter.
Sjølv om dei som er med i styret trener fleire ganger i veka håper dei å få til ein klubb der alle skal føle seg velkommen.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2