Fredagen på Eikefjord dagane skal være regnfull, slik var også veiret under opninga idag. Denne gangen var det så gale at Grendalaget valgte å flytte opninga innandørs. Her ønskte Grendalagsleder Kristen Stæger-Breisnes velkommen til ein fullsett sal og garanterte at desse 5. Eikefjord dagane ville bli blandt dei 5 beste før han overlet underholdninga til Koriander.
Koriander, som for anledningen var dirigert av Lisbeth Sætre Hovland, framførte lette og fine sanger som høsta god applaus i salen.
Deretter overtok ordførar Bente Frøyen Steindal mikrofonen. Ho nevnte ein del av dei prosjekta som Grendalaget har starta og at det var mykje skepsis ute blandt folk, men prosjekta er rodd fint i land og Grendalaget har betalt sin del av kostnadane. Det fantastiske er at alt er basert på dugnad, så ordføraren ga spesielt ros til Grendalaget.
Dermed erklærte ordføraren Eikefjord dagane for opna.

Og etter opninga er det som vanleg gratis kaker, kaffi og saft. Som ordføraren sa, det er alltid mykje god mat i Eikefjord.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2