Ann Merethe Vågane var første utøver frå Eikefjord som tok medalje i Ungdomsmesterskapet i Friidrett som går i Kristiansand denne helga. Ann Merethe låg heile tida og kjempa om sølvet, men låg på tredje plass før siste omgang. Småsint og med tenning på topp entra ho ringen i siste kastet og sette ny pers med nesten ein meter og kom opp på sølvplassen.
Ann Merethe har hatt ei rivande utvikling dei to siste åra. Under ledelse av Asbjørn økte ho med 10 meter i fjor og har økt med 5 meter hittil i år. Målet for sesongen var 45 meter som var kravet for deltaking i Junior VM og det fortel om nivået som Ann Merethe er kommen opp på.
Med seg på pallen hadde Ann Merethe to andre kasttalent frå Gloppen som er med i den nasjonale kastsatsinga. I diskos gutter 15år kom Ole Jakob Lid på 6. plass med 38,40 og Sveinung Grøneng Havn på 12. plass med 32,56. I slegge gutter 18/19 år tok Yngve Grøneng Havn ein 4. plass med 39,81 og Trond Ove Hopen 5. plass med 38,31.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2