Eikefjordingane som er på Ungdomsmesterskapet i Kristiansand følger opp med gode resultat. Yngve Grøneng Havn sette pers i kule med 17,40, men det heldt "berre" til sølv. Yngve sjølv er ikkje fornøgd, men vil forsøke vidare utover å komme opp mot 18 meter som er målet i år.
Trond Ove Hopen fekk 5. plass med eit spydkast på 49,20, heilt greitt resultat når teknikken ikkje sat 100%. 2 meter lengre og han hadde vore oppe på medaljeplass.
Ann Merethe Vågane stilte i diskos og kom også på 5. plass med 27,66. Stiller berre opp for å samle poeng i lagkonkurransen, sa Ann Merethe tidlegare i dag.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2