20070903-250-bruaRekkverket på ytterste del av brua på Hovland er påkøyrd og skada av ein passerande lastebil. Hjulspora viser at bilen har lagt godt ut før brua og tatt med seg deler av rekkverket når den har køyrt inn på brua. Ein stolpe er reven vekk og to - tre meter av rekverket er bøygd vekk og heng delvis inn mot køyrebana. Plastdeler etter lastebilen ligg spredt rundt om på skadestedet.
Uhellet skjedde truleg fredags ettermiddag då nokre på Hovland høyrde eit skarpt smell og la merke til at nokre bilen slo kraftig av på farten når dei køyrde innover.

Lengre inne på brua er nettingen i rekverket også ødelagt. Her er det store hull i nettingen. Dette er nok slitasje over tid som har forårsaka og har ingenting med uhellet lengre ute å gjere.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2