Går alt som planlagt, blir fjellområdet ved Håsteinen arena for eit spennande filmprosjekt sommaren 2007. Filmatiseringa vil omfatte både historia og notida til det vakraste fjellet i Flora kommune. Her får vi også møte "Håsteinsfolket", - dvs. dei som har ferdast i dette fjellandskapet. Den sjølvsagte guide i dette storslåtte eldoradoet blir Elias Sæther frå Øvre Standal, fortel Jarle Nyttingnes som skal regissere filmen.