Traseen gjennom Eikefjord er ein av to alternativer for gigantkraftlinja gjennom fylket. Det andre alternativet går gjennom Hyen og er innom landskapsvernområde og i vankleg terreng der ein er usikre om ein kan bygge linja.
Dette gjer at linjevalget gjennom Eikefjord er vel mulig sjølv om det er det lengste alternativet. Når kommunen i tillegg ønsker linja om Grov kan det vel hende at NVE vel minste motstands vei og legg linja gjennom Eikefjord.
For å vise at det lokalt er stor motstand mot denne skjemmande linja er det no starta underskriftskampanje mot linja gjennom Eikefjord. Det ligg ute lister på begge butikkane i sentrum der ein ber folk skrive seg på for å vise at denne linja ikkje er ønskeleg.