20070909-250-badekarSøndag ettermiddag var igjen ein sjelden begivenhet på fjorden. Sjøsetting og teknisk prøvetur for eit nybygg er det lenge sidan ein har opplevd. Denne gang var det Milan Elsinga og Øyvind Sørbø som var ut og prøvekøyrde badekar med utriggar, og prøveturen gjekk utan nokon form for problem.
Etter at Øyvind fekk badekaret hos bestefaren har han hatt som mål å køyre badekaret ut fjorden og til Solheim for å vise bestefar at det er mulig. Badekaret blei først prøvd i Kjøhølen i Storelva og det blei med ein gang bestemt at stabiliteten måtte forbedrast. Etter ein månads tid med snekkering på låven på Sørbøen er farkosten klar. Solide utriggar på begge sider med syrekanner som oppdrift viste seg på prøveturen meget effektive. Ein fin detalj var nota som var lagt mellom badekar og utriggar. Her var det god plass til padleårer, paraply og anna utstyr ein måtte ha brukt for. Mariner 2 hk påhengs synte seg å være passeleg framdrift så no gleder gutane seg til turen dei skal ha ut fjorden.

20070909-550-badekar

 

20070909-550-badekar02

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2