20070928-250-blaserMandag 1/10 om morgon kl 08:00 starter hummarfisket for dei som skal fiske lovleg. Frå same tid er det også lov til å fiske med ruser. For hummarfisket er det fleire reglar som må følgast. Myndighetene her sett opp max teiner pr båt og minstemål på hummaren.
Frå vegen kan ein sjå at det er mange blåser som har vore ute den siste månaden. Etter avstanden mellom blåsene å dømme er det lett å sjå at det er teiner som er sett ut. Ein yrkesfiskar som eikefjord.net har vore i kontakt med talde alt for ein månads tid sidan langt over 50 teiner på ei lita strekning. Her var det alt frå blåser til tau direkte i land og tau opp i tanga i fjæresteinane, og dei var sett ut på ulovleg djupne.
Med myndighetene sine to båtar som skal kontrollere hummarfisket er sjansane minimale for at utstyret skal bli trekt opp og kverrsett. Om det skulle komme eit forbud mot hummarfiske vil det ha liten betydning for bestanden for det vil sikkert berre bli dei som no er lovlydige som vil stoppe fisket. Dei som fiskar ulovlag vil gi blaffen uansett.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2