20090602-250-fjordcamping-016Før helga var plassen bak "Eikefjord Handel" tatt i bruk som oppstillingsplass for bubilar. Det er gjordt ein del arbeid med sjølve plassen, muren og vollane mot sjøen så no er plassen blitt ei lita perle.

Det er plass til 15 vogner på plassen og alle plassane har tilgang til strøm. På baksida av butikken er det sett opp brakke med toalett og dusj. Det er også kommen opp ein lite skur med toalett der dei ferierande kan tømme toalettet i bubilen.

Vidare skal det komme eit par utleigebåtar ved flytebrygga som ligg like ved. Dei ferierande må ha noko meir å gjere enn å sitte og nyte den flotte utsikta.

20090602-515-fjordcamping-013

Alt første helga hadde ein tysk bubil funne fram til plassen.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2