20090610-250-konsesjonNVE gjev Statnett SF konsesjon til å byggje ein ny 420 kV kraftleidning frå Ørskog til Sogndal. Lokalt er det gitt konsesjon for alternativet over Humlestøl og vidare etter det øverste alternativet forbi Eikefjord. Sjå detaljkart nedanfor.

Den nye kraftleidningen går frå Ørskog transformatorstasjon via transformatorstasjonar i Ørsta, Ålfoten, Moskog og Høyanger til ein ny transformatorstasjon i Sogndal. Kraftleidningen er omlag 280 km lang og vil gå gjennom 15 kommunar og 2 fylke.

Moderate miljøverknader
Gjennom konsesjonsprosessen er det gjort ei rekke traséjusteringar som saman med vilkår om riving og kamuflerande tiltak, reduserer dei visuelle verknadene betydeleg. Den nye 420 kV leidningen vert i hovudsak bygd med portalmaster i stål, matte liner og fargelause glasisolatorar. NVE set vilkår om kamuflerande tiltak med malte mastar og komposittisolatorar på omlag 1/3 av strekninga. Det vil redusere den visuelle verknaden av kraftleidningen i landskapet.
Kraftleidningstraséen følgjer i hovudsak eksisterande infrastruktur, og relativt små inngrepsfrie naturområde vert råka. Inga område verna etter naturvernlova eller plan- og bygningslova eller kjente freda kulturminne vert råka av traséen. Leidningen vil krysse fem verna vassdrag, men vurderast ikkje vesentleg å påverke dei verdiane som vart lagt til grunn for vernet.

Les meir hos NVE og Statnett

Dokumenter i saken

20090610-525-konsesjon

Begge kart NVE/Statkraft

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2