Dei som reiser til Florø ser ofte at det sit folk i Makrellvågen og speidar ned i sjøen. Frå første mai sit dei der tolmodig og ventar på at makrellen skal sige innom. Ove Leversund kan fortelle at far hans som hadde vore hundre i år var med på fisket frå han var liten og då hadde fisket lange, lange tradisjonar.

Karane i Makrellvågen har liggande 5 nøter på botnen. Når makrellen kjem er det om å gjere å få den innom den inste nota og så er det berre å heve nota slik at makrellen blir fanga. Når neste stim kjem brukar dei not nummer 2.
Denne veka leverte dei 5 tonn makrell til "Farmann 2", som var det dei kunne ta imot hos Løkeland på Herland denne gangen.

Dei kunne ha fiska mykje meir, men det skal også leverast og det er ikkje alltid like enkelt, seier Ove Leversund til Firdaposten mens han skuar utover Makrellvågen.

Les meir i Firdaposten lørdag

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2