Dei fleste i Eikefjord køyrer gjennom ein tunell dagleg, men veit vi korleis vi skal oppføre oss ved røykutvikling og brann. Undersøkingar viser at dei fleste av oss ikkje veit dette.

I en tunnel der trafikken går i begge retningar slik vi har:
Vurder situasjonen, dersom mogleg, snu og køyr tilbake der du kom frå. Varsle møtande trafikk. Når du kjem ut, varsle Vegtrafikksentralen om situasjonen gjennom naudtelefon.
Vurderer du det for farleg å snu og køyre ut, sett bilen frå deg på sida av vegen med naudblink på, og kom deg til utgangen.

Generelle reglar ved brann eller røyk i tunnel:

  • Køyr aldri inn i en tunnel som er stengt med bom eller raude lys.
  • Bruk helst naudtelefon, ikkje mobiltelefon. Operatørane på Vegtrafikksentralen vil kunne sjå kvar du er via naudtelefonen og kan koordinere utrykking og anna hjelp. Dei vil også stoppe trafikken.
  • Bruk brannsløkkingsutstyret i tunnelen ved brann. Dette vil sørgje for at brannalarmen blir utløyst på Vegtrafikkstasjonen og tunnelen blir stengt for innkøyring.
Les meir i Firda

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2