Det er økande motstand mot at kraftlinja mellom Sogn og Møre skal gå som luftspenn. Det er starta aksjon for at Flora kommune skal gjere som Førde og kreve linja lagt som sjøkabel.

Førde kommune si anke på vedtaket om at kraftlina Sogn - Møre skal gå i luftspenn , samt krav om sjøkabel,  gir oss som er motstandarar av at denne lina skal gå i luftspenn ein ny sjanse om å vinne fram.  Dersom mange nok i kvar kommune krev at det enkelte kommunestyret gjer som Førde kommune kan vi greie å snu den passive haldninga som  vi har blant våre kommunepolitikarar.

Kjartan Kvellestad som er initiativtakar, har laga ovenståande forslag som han håpar du vil sende til din kommune ved ordførar , som e-post, SMS eller på andre måtar. Han håpar du også vil sende dette vidare med oppfordring til andre om å gjere det same.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu