200900716-250-stranda004Det er i det siste utført mykje dugnadsarbeid på Strandpromenaden og Miljøstranda. Som tidlegare nevnt er det lagt heller på kvileplasser langs kyrkjebukta. No er det igang arbeid med planting i bakkant av desse plassane. Plantane er gitt av to privatpersonar i Eikefjord.
På Miljøstranda er det komme meir mold som er planert og vil sådd i slik at det skal bli meir plen å sole seg på.

Beplantning i bakkant av kvileplassane.
200900716-525-stranda004
Sjølve promenaden vil ein forsøke å få asfaltert og kanten langs sjøen skal støypast slik at sjøen ikkje for ødelegge vegen. Når dette er utført kan eldre både med rullator og rullestol nyte turen langs sjøkanten.

På stranda skal grasområdet utvidast. Basketballstativet i framgrunnen er også nytt og ivrige ungdommar nyttar det ofte. I bakgrunnen ser ein at det er komme ein del stein på plass. Desse skal leggast rundt hesteskoen og det skal også her støypast slik at sjøen ikkje ødelegg.
200900716-525-stranda007

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2