maskotEikefjorddagane vert i år arrangert for 7. gong. Vi gler oss alle til å ta imot deg som gjest denne helga, og håpar å presentere bygda frå si beste side. Som tidlegare byggjer vi på at desse dagane skal tilfredsstille ulike ynskje, frå dei yngste til dei aller eldste. Men, som før er det du som er med på å setje ditt preg på desse dagane. Stress ned og slå av ein prat med gamle kjende og få ein smak av det gode liv i Eikefjord.

Eikefjorddagane er eit fellesprosjekt der mange personar er involvert. Sjølv om det er styret i Eikefjord Grendalag som er iniativtakar og står som ansvarleg for arrangementet, hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre Eikefjorddagane utan engasjerte og kreative ressurspersonar i bygda. Organisasonsmessig er ulike delarrangement delegert til frivillege lag og organisasjonar i bygda. Saman er vi sterke – takk til alle saman!
Opninga av dagane skjer fredagen i sentrum – i hjarte av bygda. Der kosar vi oss med kaffi og kaker – som er gratis!!!! Sidan går det slag i slag med kunstutstilling, kyrkjekonsert, marknad, dans, friluftsgudsteneste etc., og ikkje minst mange artige og uhøgtidlege konkurransar. Til slutt deler vi ut Eikefjordprisen for 2009.

Takk til alle sponsorane våre - store og små. Utan dokke hadde det vore vanskeleg å lage til desse dagane. Støtt desse - dei støttar oss!!!

Overskotet av dagane går til ulike tiltak i bygda. Vi ser no slutten på arbeidet på stranda og promenaden. Men, det er mange spennande prosjekt på gang, og vi går ei verkeleg spennande tid i møte. Sjå berre her:
Ny skule/rehabilitering av Eikefjord skule håpar vi vert realisert neste år! Barnehagen er i gang med omfattande tiltak og oppgradering. Gravdal Byggsenter er i startfasen for å bygge nærare 40 einebustader på Lyngneset. Det må vere eit av dei finaste og mest sentrale byggefelta i heile Sogn og Fjordane! Vi ynskjer Gravdal velkomen i bygda!
På andre sida av fjorden er det starta reguleringsarbeid for strandområdet nedanfor Gjæra. I planarbeidet vert det lagt opp til å utvikle området med samanhengande turveg, utbetre badestranda og tilrettelegge området ved «Nilsbua» til hotell/sjøbuer og eit mindre småbåtanlegg. Snart kan vi ha ein sjøpromenade heilt frå Lyngneset til Hamnaneset! Vi er og kjende med at det føreligg omfattande restaureringsplanar for fleire av dei gamle sjøbuene langs fjorden. Dette er arbeid som alt kan starte opp neste år. Vi feirer også 1 års bursdag for Nærleiken - som verkeleg har maknadsført Eikefjord både lokale og nasjonalt. Havn FjordCamping er eit anna positivt tiltak som såg dagens lys for ca 2 mnd. sidan. Lista er lang og vi har sikkert gløymt noko, men dette viser den optimismen og tiltakslysta som er tilstades blant eikefjordingane for tida. STÅ PÅ ALLE SAMAN!!!

Har du ein ide eller noko du vil vi skal ta tak i - snakk med oss!

”Vi kan og vi vil - og folk frå Eikefjord får det til”!

Med helsing
Eikefjord Grendalag
Per-Øyvind Sørbø, leiar

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2