200900811-250-lygneset004I kveld var det orienteringsmøte om Lyngneset i Allhuset. Om kring 60 personer møtte opp for å høyre om dette nye spennande og kanskje det viktigaste posjektet i Eikefjord på lang tid. Grendalagsformann Per Øyvind Sørbø opna møtet med ei orientering om prosjekt i området den seinare tid. Deretter overlet han ordet til Gravdal og kommunen som orienterte om prosjektet og videre veg framover.

Som nevn opna Per Øyvind med orientering om prosjekt i grenda i den seinare tid. Med prosjekta som er ferdig og under utvikling er det minst 15 prosjekt rundt fjorden. Skule og Lyngneset er berre to i lag med hotellplaner, campingplass, Kyrkjebukta osv.

Deretter tok Harlad Lundekvam i Gravdal over og orienterte om firmaet Gravdal og korleis dette er strukturert i forskjellige firma som har sin hovedaktivitet i forskjellige segment av byggebransjen.
Jostein Ryland orienterte om Blink Hus som har få forhandlere, men alle har solid økonomi. Han fortalte om ei gruppe som er sterk på arkitektkompetanse og som garantert også eksisterer etter at byggeprosessen er ferdig. Han fortalte at dei har inngått avtale med grunneigar Bjørn Hovland og vil bygge eit felt med godt maritimt miljø der alle tomter har tilgang til friområde.

Steinar Furnes i kommunen orienterte at Lyngneset i dag er regulert som landbruk, natur og friområde. Det må dermed til ei planendring som må behandlast politisk og med nye planlover kan dette dra litt ut i tid.

På spørsmål frå Olav Aalen om det ikkje var naturleg å ta med resten av Lyngneset i planene svara Gravdal at grunneigar ikkje var klar for dette enda og firmaet ville ikkje presse på.

Andre Høyset lurte på kor lang tid prosessen ville ta. Furnes i kommunen meinte at det kunne gå opp mot 2 år før alt var på plass dersom prosjektet fekk politisk tilslutning.

Alle som hadde ordet i spørsmålsrundet ønskte Gravdal velkommen som ein seriøs utbygger i Eikefjord.

Grunneigar Bjørn Hovland mottar Lyngneset slips for godt samarbeid så langt. Sjølvsagt fekk Gro på Slipsmuseet også eit slips.
200900811-525-lygneset007

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2