Kjetil Malkenes Hovland som vaks opp i C-feltet har gitt ut si eiga barneplate. Med enkelt akkompagnement syng 32 år gamle sjølv på dei 20 spora på barneplata "Jeg er en ku!".

På Urørtprofilen til Malkyl Studios står det:

"I fjor skreiv Aftenposten at barnemusikken er i krise. Ingen av plateselskapa ser pengar i barnemusikk, med mindre dei får drahjelp frå populære TV-program. Det blir mykje Hits for kids og MGP Junior av slikt, men lite av den skeive, tøvete, absurde musikken som ungar eigentleg burde høyre på. Det finst ikkje lenger noko Knutsen og Ludvigsen. Men born sin musikksmak er like variert som vaksne."

Artig plate

Låtane på "Jeg er en ku!" har fått fengande namn som: "Kaker og godteri", "Jeg er sur" og "Martin Schanche". Og låta "Kort" varar berre i fire sekund.

Plata har allereie blitt populær med over 500 nedlastingar.

Last ned barneplata "Jeg er en ku!" her.

Les meir i Firdaposten lørdag eller hos NRK

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2